Citroen CX stasjonsvogn 2.5 D, 1984

Bilete

Eg kan fyrst nemne at eg er usikker på kilometerstanden. Meteret har berre 5 siffer, og eg er usikker på kor mange gongar det har gått rundt, så talet på finn.no er rein gjetning.

Når det gjeld rust så er det noko rust på kanalen heilt framme og heilt bak på venstresida, samt at ramevangen på venstresida nok må bytast. På kanalen framme har festet for skvettlappen vorte skada så dethar vorte hol inn i kanalen der. Deretter har det rusta hol derifrå og inn i kupeen, samt nokre små hol ut på sida. Det ser ut til at det skal vere ganske lett å få utbetra dette, i at det er ganske lett tilgjengeleg. Golvet/dørken ser heil og sterk ut, men med noko lakkrust. Bake på kanalen så har det vore sveisa på jekkfestet før, og no er der noko rust rundt det igjen.

Ellest veit eg ikkje om noko stygg rust. Det er ei stund sidan bilen sist var understellsbehandla, og behandlinga flaknar. Den bør vel i størst mogleg grad fjernast og erstattast.

Angåande hjuloppheng og drivverk så er nok delane i alle fall gamle, og eg har kjøpt ein del nytt som eg tenkte å setje på. Fylgjande nye delar fyl med:

Insteledda på styrestaga fyl ikkje med, men det hadde sikkert vore lurt å skifte dei også.

Av anna moro kan det nemnast:



Eg veit ikkje om noko alvorleg rustangrep på hydraulikkrør, sjølv om rustbeskyttelsen som sagt bør fornyast. Det rustar sjølvsagt også rundt tankloket. Bakdøra er uvanleg nok heil. Den plar ruste under glaset. Eg reiv bort noko pakningsmasse, gjorde skikkeleg reint og sette inn med owatrol for ein del år sidan, og det har ikkje rusta sidan.

Det meste av gasskuler var bytte for nokre år sidan, men det slikt som ein må gjere frå tid til anna. Dei virka greie sist eg brukte bilen, men ved heftig ratting så slepp styringa opp for hydraulikktrykk litt for snart.

11.09.2012, Rune Sætre